Three Fugitives

Film · 1989 · · 18. februar 2015
3/5

Three Fugitives er ein actionfylt komedie med Nick Nolte og Martin Short. Og som eg oppdaga i ettertid, ei amerikansk nyinnspeling av franske Les fugitifs med Gérard Depardieu og Pierre Richard. Nick Nolte og Gérard Depardieu, eg ser likskapen.

Nick Nolte spelar Lucas, som blir tatt som gissel i eit bankran same dag som han er sett fri frå ei fem år lang straff for bankran. Martin Short er gisseltakaren, men forviklingar og sympati gjer Lucas fort til ein medsamansvoren.

Eg har ikkje sansen for Martin Short. Ergo har eg unngått han i for mange filmar, og dermed kan eg ha stått over dei beste. Men i Three Fugitives styrer han på med påtvinga fysisk humor og er ikkje truverdig i dei dramatiske scenene. Det er dramaet som trekk filmen opp, med handlinga som involverer ho som spelar dottera til Martin Short. Action- og humordelen av filmen er godkjent på sitt beste.

Three Fugitives er kurant. Eg kan verken anbefale filmen eller sei eg føler ein trong til å sjå originalen. Men han har nokre flotte sekvensar, og er kanskje verdt å sjå for fans av Nick Nolte, Martin Short eller klisjefylte lydspor.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Three Fugitives 1989 plakat - Filmdagbok