Three O'Clock High

Film · 1987 · · 17. juli 2009
3/5

Ei positiv overrasking, mindre kjente namn og generelt ukjent tittel tatt til vurdering. Etter ein sløv start blir filmen betre når hovudrolla Jerry klarar å rote seg bort i ein slåstkamp etter skuletid, mot ei bølle som det blir gjort null forsøk på å vise medmenneskelegskap ovanfor.

Det blir umogleg å komme seg unna slåstkampen, og Jerry sine desperate forsøk på å sleppe toppar seg under forføringa av engelsklærarinna, då han med sigaretten mellom fingrane kliner med ho framfor klassen. Få vil nok sjå denne, så eg kan likegodt avsløre, at det ikkje overraskande, blir ein forrykande slåstkamp på slutten.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Three O'Clock High 1987 plakat - Filmdagbok