Thumbsucker

Film · 2005 · · 22. januar 2006
4/5

Eg trur dette er ein film om forandring. Omtrent alle i filmen forandrar seg, enten som korleis dei blir sett på av andre, eller korleis dei faktisk er. Forandring er å prøve å realisere seg sjølv, og bli det du føler du treng å bli. Det er også om kva du treng andre å vere.

Dette er ein veldig roleg film, som unngår å stresse deg opp unødvendig. Å sei at han var interessant vil ikkje vere heilt rett, men han fengsla meg på sin måte og eg måtte vite kva som kom til å skje.

Handlinga er litt sløv, eller kanskje enkel er eit betre val av ord. Det eg prøver å sei er at historia i byrjinga baserte seg rundt tommelsugingsproblemet til Justin, og var på kanten i å vere snål. Heldigvis blei ting meir komplisert, og ting blei viktigare enn å spare tennene til Justin. Tommelsuginga blei altså redusert til å vere eit underliggande problem, og det vart fokusert på viktigare ting.

Det er tydelege forsøk på å skape ein kunstnarisk film, men er heldigvis ikkje dratt ut til dei grader at det blir uforståeleg. Faktisk er dette ein tilnærma perfekt miks av Hollywood og kunst. Ikkje Hollywood-Hollywood, men forståeleg og mogleg å følge handlinga.

Til den grad dette var ein kunstfilm, så var det ein del spørsmål eg stod igjen med etter enda speletid. Mange av rollefigurane var så komplekse at det nok ville ha tatt mykje lengre tid å prøve å forklare tankegangen deira, og ikkje minst dei individuelle historiene. Men så er det her ein sjanse å tenke litt sjølv. Mor deg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Thumbsucker 2005 plakat - Filmdagbok