Tid for hage

Serie
2019–2020
3/5

Tid for hage er eit hageprogram som har gått eit par sesongar på TV 2. Det handlar om planlegging og ordning av hagar. Folk har meldt seg på, oppgitt eit ukjent budsjett, og Tid for hage kjem med folk som utfører alle deler av arbeidet. Dei påmeldte veit ikkje om planane eingong.

Men det handlar ikkje så altfor mykje om dei påmeldte. Dei blir introdusert på starten og slutten. Brorparten av programmet er via til arbeidet med hagen, og det er det som gjer Tid for hage så interessant. Her er det mange gode råd og metodar å hente. Og ein god del produktplassering, men det er lett å komme over.

Har du hage og ønsker å hente inspirasjon og tips, så er dette ein god serie å byrje på.

Tid for hage 2019-2020 plakat - Filmdagbok