Tid for hjem

Serie
2004–2020
3/5

Etter å ha sett ferdig dei sendte episodane av Tid for hage, var det tid for Tid for hjem. Ein serie om oppussing i norske heimar som første gong blei sent i 2004. Alle sesongane var å finne på TV 2 Sumo.

I skrivande stund har eg sett den første sesongen, ein kort sak på seks episodar som kvar har ei lengde på rundt 25 minuttar. Første sesong er 16 år gammal i år, og det er lett å sjå. Designvala som blir gjort er i blant hårreisande fæle, og det er mykje som ikkje har halde seg. Men handverket som blir gjort er lærerikt, og det er fint med ein vekkar om korleis trendar forsvinn.

Andre sesong er eit par år yngre, og har åtte episodar. Lengda er den same som i første sesong. Designvala er framleis grusame, men denne sesongane har også eit par potensielle design i positiv retning.

Tredje sesong av Tid for hjem kom i 2007, og både handverkarane og dei forskjellige designerane som er innom er dei same som i dei to første sesongane. Sakte, men sikkert så blir stilen hakket betre. Men det er små steg det handlar om.

Med fjerde sesong er året blitt 2008. Eit par av dei tidlegare designerane ser me ikkje noko til. Men det er ikkje noko tap. Den britiske Simon Davies er ein av dei med ein spesiell stil. Det er litt meir utetid, og serien får sin første episode med tidlegare høgdepunkt.

Så var det å gå i gang med femte sesong.

Tid for hjem 2004-2020 plakat - Filmdagbok