Tideland

Film · 2005 · · 20. oktober 2006
3/5

Terry Gilliam eller ei, denne filmen fall ikkje så godt i smak her. Han er langt betre enn The Brothers Grimm på mange område, ein av dei er tolv år gamle Jodelle Ferland som Jeliza-Rose, dotter av to narkomane. Men han blir for brutal på andre område til at eg likar han.

Oppveksten til Jeliza-Rose er sterkt påverka av narkotikabruken til foreldra. Ho har utvikla ein sterk fantasi som ho lev seg inn i til dagleg. I denne fantasien kan ekorn snakke, og det finst hekser og monster. Sånn som i yndlingsboka hennar, Alice in Wonderland. Jeliza-Rose er ein overspelt karakter, og ikkje berre i filmen, men i historia også. Problemet hennar er at ingen er der for å skilje eventyr og realitet for ho.

Når eg skriv at filmen blir for brutal tenker eg først og fremst på scenene med Noah (Jeff Bridges), faren til Jeliza-Rose i filmen. Når han set si siste sprøyte, og reiser på ferie for godt, fortrengwe Jeliza-Rose det at han er død og let han sitje i stolen sin og rotne. Ho snakkar til han som om han framleis skulle vere der. Dette blir vel sterkt etter kvart, noko som kanskje har med å gjere at eg ser litt på Jeliza-Rose som ein av ungane i Nobody Knows som har blitt forlate av mora si og sakte, men sikkert, forfell. Ein veldig nær film.

At Tideland er ein godt laga film vil eg ikkje legge i ein skuff, men temaet blei for sprøtt for meg. Og fleire gonger følte eg meg fråstøytt frå filmen. Han balanserer på kanten og blir alt i alt ein grei film.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Tideland 2005 plakat - Filmdagbok