Tills Frank skiljer oss åt

I den svenske komedien Tills Frank skiljer oss åt følgjer vi ei vaksen dame som er håplaus i kjærleikslivet. Ho tek ei anbefaling frå livscoachen sin, og det får store konsekvensar.

Ho er i utgongspunktet interessert i Frank, som blir spelt av Eva & Adam-skodespelaren Erik Johansson. Men ho endar opp med å bli i lag med Carl-Johan, ein mann med mindre gode sider som ho etter kvart avdekkar.

Tills Frank skiljer oss åt byr på enkel humor som forvinklingar, misforståingar, bokstavelege tolkingar og ubehagelege situasjonar. Og alt dette er filmen ganske så god på. Peter Magnusson som spelar Carl-Johan har umiddelbart plassert seg som ein av dei artigaste svenskane for min del.

Dette er ein passe vaksen film, med tanke på livssituasjonen og alderen til dei viktigaste rollane. Og noko med det gjer at mykje av tullet får ein seriøs undertone, og eit slags desperat preg på hovudpersonen sjølv. Det blir også meir jordnært enn om filmen skulle vere med unge folk, som hadde hatt fleire år framfor seg til å tenke på familie enn hovudpersonen her.

Tills Frank skiljer oss åt 2019 plakat - Filmdagbok