Tin Man

Serie / 2007–2007
2/5

SyFy gir regelmessig ut originale miniseriar. Tidlegare har dei besøkt Bermuda-triangelet i The Triangle, eit motellrom i The Lost Room, streifa innom bortføringar i Taken og trolldom i Earthsea. Tin Man går til verda frå The Wizard of Oz på ein ny måte som kvalifiserer serien som nytolking heller enn nyinnspeling.

DG (Zooey Deschanel) er ikkje ei vanleg jente som ho trur. Under ein storm blir ho sendt frå vår verd til Outer Zone (O.Z.), der planar for livet hennar er laga. I O.Z. herjar ei vond heks med planar om å mørklegge verda for evig og alltid. DG, som saman med ein tin man, tidlegare politi, ei synsk løve og ein kongeleg rådgjevar utan hjerne må rømme, løyse mysterium og stoppe heksa.

Tin Man har gode idear: Heile greia med å komme tilbake til O.Z. mange tiår eller hundreår etter Dorothy var der i The Wizard of Oz er både spennande og eit godt grunnlag. Det er på gjennomføringa det manglar, det er mykje halvgjort og mindre gjennomtenkte sider. Serien prøver å gjere alt stort og mektig med dataanimasjonar som ikkje held stand. I staden for å bomme her kunne dei ha tona ned mens dei heller brukte meir energi på å gjere oss kjente med karakterane. For dataanimasjonane er den største svakheita i Tin Man.

Interaksjonen mellom karakterane er fleire hakk under det eg forventa av ein god serie. Trass i kjente namn på lista over skodespelarar og fleire gode augeblikk der desse briljerer på eiga hand, manglar kjemien desse imellom.

Hadde SyFy sikta litt lågare trur eg Tin Man kunne ha fungert ganske godt, men klarer du å sjå forbi alle halvhjerta gjennomføringane undervegs er det ingen tvil om at dette er eit flott eventyr, spesielt for dei yngre.

Tin Man 2007-2007 plakat - Filmdagbok