Tin Men

Film · 1987 · · 26. mars 2012
4/5

I lag med Diner, Avalon og Liberty Heights er Tin Men ein av Baltimore-filmane til Barry Levinson. Handlinga er lagt til Baltimore på tidleg 1960-tal, heimbyen og ungdomstida til Barry Levinson sjølv.

I Tin Men møter me to salsmenn av aluminiumspanel til hus, spelt av Richard Dreyfuss og Danny DeVito. Dei har eit lite samanstøyt med bilane sine og situasjonen eskalerer til det verre utover i filmen.

Tin Men er både ein komedie og eit portrett av ei tid og ein bransje. Me får et innblikk i ei seljarverd der ingen midlar blir skydd. Måten tidsperioden blir portrettert på kan minne om ein lettare versjon av Mad Men, men det er uansett forseggjort. Bilen som statussymbol og verktøy i jobben har ei sentral rolle.

Eg likte filmen då han veksla mellom komedie og drama i sitt eige tempo. I oppbygging og framgang kan den bli samanlikna med Diner. Me går tilbake til ei bestemt tid og opplever denne og enden på ein æra. Det er til ei viss grad tona ned, så det ikkje blir for dramatisk eller for mykje å svelge.

Samspelet mellom Richard Dreyfuss og Danny DeVito er ein fryd. Eg blir sittande å vente på dei neste påfunna, og det svarer seg.

Tin Men er nok i overkant lang. Det er periodar her og der som ikkje er viktige eller spesielt interessante. Dette trekk ned for den totale vurderinga.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Tin Men 1987 plakat - Filmdagbok