'Tis the Season for Love (2015)

Film / 3. desember 2016
3/5

Sarah Lancaster spelar hovudrolla i julefilmen 'Tis the Season for Love frå Hallmark. Dette er ein skodespelar eg kjenner best frå serien Chuck, der ho spelte søstera til hovudrolla Chuck.

I denne filmen spelar ho ein skodespelar i New York, som ikkje har fått sitt store gjennombrot endå. Dårlege jobbar og sånt har hindra ho i å ta seg tid til juleferie på fleire år, men dette året blir ho sponsa med billettar heim til småbyen kor ho er i frå.

Vel heime byrjar gamle kjente og nye inntrykk å gjere sitt til at ho gradvis blir trukke meir mot livet der, enn ho blir å reise tilbake til New York. Ho veit ikkje dette heilt sjølv, og slit litt med å finne ut av kva ho vil. Og det er dette som er kjerna i filmen.

Nesten sjølvsagt så er det òg innslag av romantikk. Filmen heiter trass i alt 'Tis the Season for Love. Ein gamal kjenning blir først ein god venn, og så potensielt noko meir.

Lancaster er dyktig, og gjer sitt til at filmen klarar å levere på kjensler. Historia er sjeldan så mykje å sei på, men han er i det minste godt strukturert. Eg likar stort sett det eg ser, og rangerer filmen trygt over middels. Han klarar til ei viss grad å få fram ei hyggeleg småbykjensle, og er god på å få oss til å forstå heimekjensla kvinna opplever.

Som eit innspel på slutten, vil eg ta med at det også her er innslag av ein nisseaktig mann, og eit nøkkelsmykke som hintar til magiske eigenskapar. To element som går igjen i mange julefilmar. Det er moglegvis meir for å kunne formidle ein lett variant av draumane frå Charles Dickens A Christmas Carol, enn det er for magien si skuld dette er med. Heldigvis vil eg sei til det, då Dickens si historie er ei eg har fått nok av tidlegare.

'Tis the Season for Love 2015 plakat - Filmdagbok

Merkelappar

Hallmark, Julefilmar

Regi

Terry Ingram

Manus

Nina Weinman

Skodespelarar

Sarah Lancaster, Brendan Penny (I), Gwynyth Walsh, Andrew Francis, Jessica Harmon, Garry Chalk, Anna Van Hooft, Steve Makaj, Mackenzie Gray, Vanessa Walsh

Sjangrar

Komedie, Romantikk

Land

Canada, USA

IMDb

IMDb-side om 'Tis the Season for Love

Forfattar