Titanic

Film · 1997 · · 20. februar 1998
4/5

James Cameron sin allereie legendariske og svært innbringande film om skipet som ikkje kunne søkka, men som ei kald natt i april 1912 likevel sokk, er den ultimate blockbuster-en.

Dei den gongen unge stjernene Leonardo DiCaprio og Kate Winslet er dei to sentrale karakterane i ei rørande kjærleikshistorie, som me veit vil møta utfordringa forliset skapar.

Eg voks opp med ei bildebok der bilde av både skipet i full stand, teikningar av det, og dei første bilda som vart teke av vraket, vart portrettert. Då Titanic kom i 1997 var eg eigenleg litt for ung, men hadde så lyst å sjå filmen at eg fekk lov.

Sjølv om Titanic skyt litt for breitt for smaken min, ved å skulla vera ein film om alt for alle, så likar eg kjærleikshistoria og bilda av skipet. Mange av verkemidla undervegs og kva karakterane gjer fall ikkje i smak, men er noko eg kan oversjå i ein elles solid film som dette.

IMDb-logo
Titanic 1997 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Leonardo DiCaprioKate WinsletBilly Zane (I)Vis alle

Sjangrar

Land