Titanica

Film · 1992 · · 4. mars 2012
3/5

Dokumentarfilmen Titanica viste heilt nye bilde av skipsvraket til Titanic då han kom i 1995. I lag med arkivfoto tar denne filmen for seg heile historia om Titanic og prøver å bli ei komplett, men kortfatta innføring i skipet og tragedien i løpet av ein og ein halv time.

Det er nettopp bilda av vraket som er den store greia. Resten er ei kurant forteljing, men det å sjå eit over 80 år gammalt vrak på 3800 meters djupne i sånn detalj er ei oppleving.

Det er godt mogleg det finst betre dokumentarar om historia til skipet, og kanskje også med betre bilde. James Cameron filma ein del i 1995 i samband med spelefilmen Titanic frå 1997. Hans foto og Titanica har ingen samanheng.

Men for ein som stort sett var interessert i å sjå bilde av vraket er dette heilt greitt.

IMDb-logo
Titanica 1992 plakat - Filmdagbok