To All the Boys: P.S. I Still Love You

Film · 2020 · · 14. februar 2020
2/5

To All the Boys: P.S. I Still Love You er oppfølgjaren til To All the Boys I've Loved Before. Den første filmen handla om Lara Jean som hadde skrive kjærleiksbrev til fem forskjellige gutar som 11-åring. I ein alder av 16 år finn søstera hennar breva og sender dei. Filmen handlar om følgande.

I denne oppfølgjaren har Lara Jean blitt i lag med ein gut. Så får ho eit siste svar frå eit hittil ubesvart brev, og byrjar å lure på kven ho eigentleg likte best.

Denne filmen er ikkje så artig som To All the Boys I've Loved Before. Her handlar det mest om forholdet til ei tenåringsjente. Mens det i første filmen var morosamt på grunn av at situasjonen Lara Jean hamna i var flau og dryg. Dette er altså mindre på spissen, og meir ein litt for enkel romantisk komedie. Filmen har ein grei flyt, og litt lun humor her og der, men han kjem ikkje med nokon overtydande grunn til å eksistere.

IMDb-logo
To All the Boys: P.S. I Still Love You 2020 plakat - Filmdagbok