To Be or Not to Be

Film · 1983 · · 7. november 2016
2/5

To Be or Not to Be var ein film eg begynte å sjå på, gløymte at eg hadde sett på pause, og såg ferdig ein månad seinare. Med det har eg allereie sagt at dette ikkje er min favorittfilm gjennom tidene.

Oppstykka og i porsjoner er det mykje bra å hente i To Be or Not to Be. Parodiar og krigshumor med brodd, artige forviklingar og ein generelt lystig tone er noko eg set pris på.

Men som heilskap er dette utan mykje framdrift og har for mange dødpunkt. Mesteparten av humoren treff ikkje eller kjennest datert. Og eg endar opp ganske så uengasjert. Til den grad at eg set på pause, og som sagt gløymer filmen for ein lenger periode.

Kva meir kan eg sei? Eg har ikkje sett To Be or Not to Be frå 1942, men er smått nysgjerrig då han generelt har scora høgare i rangeringar. Det verkar meir lovande å sjå ein film som var dagsaktuell om temaet då han kom ut.

IMDb-logo
Filmfront-logo
To Be or Not to Be 1983 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land