To Kill a Mockingbird

To Kill a Mockingbird er filmatiseringa av den Pulitzer-vinnande boka av Harper Lee med same namn. Gjort til film av Robert Mulligan vann filmen sjølv nok av prisar, deriblant tre gjeve gullstatuettar i Academy Awards.

I dei ymse samandraga eg las før eg såg filmen fekk eg inntrykk av at det heile dreia seg om omstenda rundt fengslinga og rettssaka til eni svarthuda mann som var teken for valdtekt. Med ei handling sett til ein amerikansk småby på 1930-talet. Det som ikkje kom fram i desse samandraga var at den største delen av filmen faktisk er via til den svarthuda mannen sin advokat sine to barn, og opplevingane deira på den tida. Noko som strekk seg breiare enn berre rettssaka og det der.

Me får nesten to filmar i ein med denne. Det er på truverdig måte at nysgjerrigheita til desse to ungane, som er på rundt og under ti år, blir framstilt. Ikkje ofte når eg ser barn på film tenker eg at det var faktisk sånn eg sjølv opplevde å vere liten. Denne nysgjerrigheita på det meste er nok med på å legge grunnlaget for nettopp kvifor dei etter kvart kjem seg til rettssaka som tar eit stykke av filmen.

Sjølve rettssaka er ikkje blant dei beste på film. Men ho er kortfatta og får fram dei viktige poenga, og utviklar seg på ein god måte.

Det blir likevel skildringa av barndommen som gjer det beste inntrykket i filmen. Sjølv om eg ikkje vil undervurdere den tragiske undertonen. At dette er ein film om barn og med barn i dei viktigaste rollene, betyr ikkje at det er ein film for barn. Tema som død, valdtekt og tilbakeståande blir tatt opp, gjennom et barn sine auger.

Elles kan det nemnast at dette er Robert Duvall sin debutfilm, han gjer ei lita rolle utan tale.

To Kill a Mockingbird 1962 plakat - Filmdagbok

Dato

14. mai 2007

Forfattar



Sjangrar

Land