To Rome with Love

Film · 2012 · · 3. januar 2013
3/5

Eg har gleda meg stort over Woody Allen sine filmar dei siste årene. Nivået har vore høgt og stabilt. Forventingane knytt til dei nye filmane hans har også vore høge.

To Rome with Love har ei blanding av fleire potensielt gode historier, men manglar på ein måte den skarpe kanten og dei verkeleg gode poenga. Eg let meg underhalda, men funderte innimellom over enkelte banalitetar.

Woody Allen har ofte blanda spesiell humor med drama. Han har gjerne karakterar i filmane sine som du ikkje heilt kan plassere, som Alec Baldwin i denne. Alec Baldwin går mellom å vere ei fornuftig stemme i hovudet til Jesse Eisenberg til å vere synleg for alle. Dette er val som fell i smak for min del. Det gir ting å fundere over.

Det som ikkje fall i smak var mange småting, blant anna enkle klisjear som står fram som enkle utvegar.

Med Woody Allen sine filmar blir det ofte at eg vil ha meir. Det blir lett å henge seg opp i småtinga, sjølv om To Rome with Love er ein god film. Både åleine og samanlikna med andre romantiske komediar.

IMDb-logo
To Rome with Love 2012 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Pierluigi MarchionneFlavio ParentiAlison PillVis alle

Sjangrar

Land

USAItaliaSpania