Toby Tortoise Returns

Film · 1936 · · 2. januar 2021
3/5

Toby Tortoise Returns er ein slags oppfølgjar til The Tortoise and the Hare. I den første filmen møttes dei til eit kappløp. I denne møtes dei i ein boksekamp. Igjen er det ein innbilsk hare som med hurtigheita si ventar ein sikker seier. Men den langsame skilpadda tenar på det som den sjølvsikre haren steller i stand.

Det er ikkje mykje å sei om denne kortfilmen, som er ein Silly Symphony-film frå Disney. Historia er knapp, lengda er kort og han er ikkje så god som forgjengaren sin. Men det er framleis god animasjon og passe tøff teiknefilmvald, og sidan lengda er kort så er det lett å sluke.

IMDb-logo
  • Toby Tortoise Returns 1936 plakat - Filmdagbok
  • Toby Tortoise Returns 1936 plakat - Filmdagbok