Togetherness

Serie
2015–2016
4/5

To sesongar av HBO-serien Togetherness blei alt. Mitt totale inntrykk av serien er positivt. Eg kastar meg gjerne over HBO-seriar utan å tenke meg særleg om, men Togetherness var ein serie eg venta på.

Serieskaparane er Jay Duplass, Mark Duplass og Steve Zissis. Duplass-brørne har eg følgt med på i nokon år, etter eg fatta interesse for deira lågbudsjettsfilmar frå cirka 2005 og utover. Dei har etter kvart blitt kjente namn.

Jay Duplass er skodespelar i den prisbelønna Amazon-serien Transparent. Mark Duplass har blant anna serien The League i filmografien, i tillegg til ei imponerande rekke studiofilmar dei siste åra.

Mark Duplass og Steve Zissis spelar to av dei fire hovudrollene i Togetherness, mens Melanie Lynskey og Amanda Peet utgjer resten av det sentrale rollegalleriet.

Serien er ein forventa og kanskje typisk Duplass-produksjon, som handlar om drama og kjærleik og mellommenneskelege relasjonar. Det er alvorleg, men med eit glimt i auge. Det er stort sett jordnært i presentasjon, og det skal kjennest ekte, men konfliktane og handlinga er nok til å skape ein god flyt og ei lyst til stadig å sjå neste episode.

Handlinga i serien speler ut seg i livet til eit ektepar – Brett og Michelle – som bur i Los Angeles. Og vennen til ektemannen – Alex – som må låne sofaen. Og søstera til kona – Tina – som må låne den andre sofaen. Dei blir sånn passe involvert i livet til kvarandre av dette. Brett og Michelle har sine problem på ei side, og eit nytt vennskap mellom Alex og Tina bidrar til både god humor og drama på ei anna side.

Eg kosar meg storveges, og tykkjer at serien lev opp til forventingane eg hadde til Mark Duplass og Steve Zissis, og meir til. Amanda Peet og Steve Zissis er favorittane etter første sesong. Andre sesong startar noko slapt, og gir totalt sett ikkje så mykje som den første. Men det tar seg noko opp undervegs. Eg vel difor å gi serien ei god totalrangering, kor eg har sett tvilen til side.

Togetherness 2015-2016 plakat - Filmdagbok

Publisert

22. juli 2016 av

Merkelapp

HBO

Skapar

Steve Zissis

Skodespelarar

Mark Duplass, Melanie Lynskey, Amanda Peet (I), Steve Zissis, Abby Ryder Fortson, Peter Gallagher (I), John Ortiz (I), Joshua Leonard, Dana Gourrier, Katie AseltonVis alle 154 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama, Romantikk

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Togetherness