Togo

Film · 2019 · · 1. januar 2021
4/5

I 1925 vart ein liten og avsides stad i Alaska ramma av eit difteriutbrot. Dette ramma spesielt dei yngste hardt. Behovet for medisin blei stort. På grunn av ein kommande stor storm var det ikkje mogleg å få flydd inn medisinen. Alternativet var å få køyrt han inn med hundeslede. Men turen på nesten 1000 kilometer i ein hard vinterstorm var ikkje forsvarleg. Likevel blei det gjort.

Togo handlar om denne turen, og om mannen, hunden og hundespannet som køyrte den lengste delen av turen. Filmen er ei dramatisk, men også hjartevarmande helteforteljing om ein dyktig hundeoppdrettar og ein intelligent leiehund. Og om det harde Alaska på vinterstid, og marginane det kan vere snakk om når ting går bra.

Som ei formidling som har fått stempelet basert på ei sann historie, så er dette ein film som i det visuelle drar ting ganske langt. Mens ting i realitetet kan ha vore hardare enn det ser ut til her og der, så er det noko med å skulle få dette fram på skjermen som kan bli gjort på mangt eit vis. Togo gjer det mykje visuelt for å kunne bli ein spenningsfilm. Det er ein del merksemd retta mot personar, karaktert og psyke, men ikkje til dei grader at dette gjer Togo til noko psykologisk tynga film.

Togo er ein Disney-film. Dette medførte visse forventingar for meg med tanke på kva type drama det skulle bli. Her innfridde filmen forventingane, og enda opp med å bli ei ganske så god oppfylling.

  • Togo 2019 plakat - Filmdagbok
  • Togo 2019 plakat - Filmdagbok