Toki o kakeru shôjo

Film / 2006
3/5

Den japanske animeen The Girl Who Leapt Through Time handlar om ei jente som tileignar seg moglegheita til å reise i tid. Ho brukar evna til å endre på små ting som ho har gjort. Blant anna drar ho tilbake i tid for å få synge meir karaoke eller ete meir middag.

Reisinga får konsekvensar, og det er desse som blir den interessante utfordringa i Toki o kakeru shôjo. Elles er det mest stemninga og humoren som trekk opp. Heilt topp er det ikkje, eg kjeda meg tidvis undervegs, og filmen blei ikkje det rørande drama eg forventa. Heller ikkje den mest nyskapande science fiction-filmen om reising i tid.

Den totale opplevinga er litt skuffande, men ikkje dårleg.

Toki o kakeru shôjo 2006 plakat - Filmdagbok