Tokyo Goddofazazu

Film · 2003 · · 6. mai 2007
4/5

Det er juletider i Tokyo i Tokyo Goddofazazu. Tre heimlause venner, eller i det minste kjente, finn eit forlate barn i ein stabel av kasteklart skrot. Blant desse tre avgjer transvestitten Hana at dei skal ta hand om barnet.

Slik startar ein gatevandring gjennom Tokyo i snøveret på jakt etter mat og foreldre. Me blir vitne til mirakel etter tilfeldigheiter etter mirakel, og filmen går utan stopp og utan dødpunkt fram til siste slutt.

Forventingane mine til animedrama er annleis enn til vanlege drama. Eg merkar lettare når ein animefilm sakkar på farten. Tokyo Goddofazazu overraska positivt når han som dramakomedie klarte å fullføre med både latter og tårer som resultat. Det er vel verdt å legge til at dette er vel så mykje komedie som drama, og såleis inga altfor sentimental julehistorie.

På engelsk heiter filmen Tokyo Godfathers.

IMDb-logo
Tokyo Goddofazazu 2003 plakat - Filmdagbok