Tomb Raider (2013)

Spel / 12. februar 2017
3/5

Tomb Raider frå 2013, eller Tomb Raider Definitive Edition frå seinare som var versjonen eg spilte, er et eksotisk eventyr på en mystisk øy.

Det er det 13. Tomb Raider-spelet i rekka, men det første eg har runda. Mitt førre møte med Lara Croft i eit spel var sannsynlegvis Tomb Raider II på slutten av 1990-talet.

Tomb Raider er et lineært spel preget av cinematografiske sekvensar, filmsekvensar eller cutscenes. Det er ikkje et grep eg har vore spesielt glad i hittil, men det har nok hatt med utføringa å gjere. I Tomb Raider fungerer det heilt greitt. Det er ikkje for mange avbrot midt i spelinga, men elegant plassert når ei oppgåve er ferdig.

Eg spelte meg gjennom spelet utan å fullføre alle sideoppdrag. Og utan å lese og utforske alle små oppdagingar undervegs. Den biten kjeda meg i starten, så eg køyrte på med hovudoppdraget. På vanskegraden normal er dette passe utfordrande, kanskje litt lite i blant, men nok nokon stader til å måtte prøve eit par–tre gonger dei ulike oppgåvene. Eg likte kontrollene og kampscenene, grafikken og variasjonen fram og tilbake mellom gåter og skyting.

Med litt færre filmsekvensar, eller et hurtigere tempo på dei og meir speling, så hadde dette vore enda betre.

Spelet er dessutan akkurat passe langt med tanke på forteljinga si, og eg synest det var valuta nok for pengane. Ettersom det var på salg.

Tomb Raider 2013 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Tomb Raider

Regi

Noah Hughes

Manus

Toby Gard, Rhianna Pratchett

Skodespelarar

Camilla Luddington, Robin Atkin Downes, Cooper Thornton, Robert Craighead, Arden Cho, Chieko Hidaka, Andy Hoff, Earl Baylon, Tanya Alexander, James Walsh (I)

Sjangrar

Action, Eventyr, Drama, Mysterium, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Tomb Raider

Forfattar