Tommys Inferno

Tommy er ein kristen ungdom. Han har vore i lag med Maria i tre år, og ho har lyst å ha sex. Tommy tykkjer at dei skal vente til dei har gifta seg. Problem oppstår mellom dei to.

Ove Raymond Gyldenås har skrive manus og regissert ein frisk ungdomsfilm med Tommys inferno. Tittelen er ein referanse til Dantes inferno, og handlinga har visse likskapar, utan at det er overdrive. Dette nikket til eit klassisk verk, samt ein utradisjonell vri på historia ved å sette ein ung gut i hovudrolla som vil vente med å ha sex, er gode sider ved filmen.

Som ungdomsfilm er dette både komedie og drama, der den første biten er det som er mest vellykka. Dramaet utviklar seg i litt for overdramatisk retning, og spesielt depresjonen Tommy søkk ned i, blir vanskeleg å godta, utan at eg skal røpe meir.

Persongalleriet er rikt på ulike typar som lett passar inn, utan å verke overflødige for handlinga heller. Bakgrunnen for vala i livet til Tommy er stort sett grunngitt, og sluttresultatet er ein samansett film. Han når ikkje heilt opp, av det han ikkje er truverdig nok med dei mest seriøse temaa, men han treff absolutt med komedien.

I 2010 skreiv eg ei masteroppgåve med bildeanalyse av norske kinoplakatar. Plakaten til Tommys inferno var ein av dei eg analyserte. Her vil eg gjengi kapittelet frå oppgåva. Noko gjentaking av innhaldet i filmen frå tidlegare i teksten vil kunne finnast:

Tommys inferno er ein ungdomsfilm med Eirik Evjen i hovudrolla som Tommy. Han er son av ein prest han aldri har møtt, og har grunna ei idolisering av faren valt å bli altergut ved sidan av skulen. Tommy har vore kjærast med Maria i tre år, og forholdet har vart lenge nok til at ho vil ha sex med han. Men for han er samleie noko som høyrer til ekteskapet, og han vil vente til etter dei er gift. Religionen som gir han trua på at han må følgje ein streng kristen moral, gjer det vanskeleg for han å ta eit val, då han som unge gutar flest har ei lyst. Tommy har ei mor som er prakteksempelet på dårlege kjærleiksforhold. Difor ser han på dette som noko som vil skje han om han gir etter. Maria får til slutt nok av ventinga og slår opp med Tommy, som byrjar å leggje planar for korleis han skal vinne ho tilbake. Kameraten til Tommy, Ahmed, er fødd og oppvaksen i ein streng islamsk familie, men har sjølv eit mykje meir avslappa forhold til religionen sin. Han kan seiast å vere den strake motsetninga av Tommy. Som forfattar av historier for pornoblad, er Ahmed inspirert av forholdet til Tommy og Maria. Tommys inferno er regissert av Ove Raymond Gyldenås og blei ein publikumssuksess. Filmen fekk pris frå filmfestivalen Zlín i 2006 og blei nominert til Amanda i Noreg.

Formale trekk

Plakaten til Tommys inferno er delt inn i tre lag: Bakgrunn, portrettmontasje og teksten som er ein logo og ei kredittblokk. I tillegg kjem ein tagline og ein liten illustrasjon i kvart av dei øvre hjørna. Bakgrunnen er det underste laget på plakaten, og er einsfarga raud som dekkjer over heile plakaten. Tagline til filmen er som kjærlighet er et helvete, og er ramma inn med ein kvit strek som formar eit liggande rektangel. Den vesle illustrasjonen i øvre høgre hjørne på plakaten er eit teikna hjarte med hale, horn og venger: Eit djevelsk hjarte.

Portrettmontasjen, som tek opp største delen av plakaten, er i framgrunnen over den raude bakgrunnen. Montasjen består av sju personar, som står i ein V-formasjon bakover i bildet. Fremst står personen som spelar Tommy, han har på seg ei kvit T-skjorte med eit blått, kvitt og raudt symbol på. Rundt halsen har han eit smykke som er forma som ein kross. Til høgre for seg har han to personar som ikkje er etniske norske, ein gut og ei jente, og ein tredje gut med lys hud. Guten med mørk hudfarge har ein hårsveis som står ganske rett opp, og ei jakke med eit tigerhovud sydd inn på ermet. Jenta bak har sannsynlegvis etnisk opphav ein stad i Asia, og går i eit rutete skjørt. Den bakerste guten har ein blå overdel og ein mørk pannelugg som nesten når ned til augo.

På venstre sida av Tommy står tre jenter. Den fremste er ei blond jente med lys hud og rosa topp, som viser litt av magen hennar og ei utringing. Håret hennar står litt ut til sida, som om vind bles gjennom det. Den andre jenta er litt mørkare i huda, og går i fulldekkande svarte klede og ein hijab. Rundt jakka si har ho eit blankt svart belte og buksene hennar er tettsitjande. Ho har òg på seg leppestift. Den bakerste jenta er ei lyshuda jente med raudt hår, ho har ein kjærleik på pinne i munnen som hold held med fingrane. Kleda hennar er svarte, og under overdelen synest ein raud topp delvis open over brystet. Me ser eit mørkt armband rundt handleddet, og på føtene har ho spisse sko med stilletthælar.

Over beina til personane i montasjen står logoen. tommys inferno er skrive med minusklar. O-en i tommy har ein kvit prikk i midten og skil seg frå O-en i inferno som er forma som flammar. Nokre av bokstavane har blitt delt opp av linjer, som kjem fram av mangel på det kvite resten av bokstavane består av. Nokre bokstavar har òg ein litt uklar kant som gir assosiasjonar til at teksten er påført med spraymåling. Nedst på plakaten er kredittblokka og ei rekkje mindre logoar, adresse til nettområde til filmen og ein plakatsignatur.

Analyse av formale trekk

Dei sentrale elementa som utgjer plakaten er formasjonen av ungdommar og utforminga av logoen. Fargelegginga av bakgrunnen er eit tredje element. I ei undersøking gjort omkring fargebruken i bestseljande, amerikanske kinofilmar, kom det nettbaserte tidsskriftet Speak Up fram til at mørke fargar prega bakgrunnsflata til plakatane. Spesielt i filmar retta mot eit vakse publikum var dette gjeldande. Det kan tenkast at Tommys inferno med å bruke ein litt mørkare raud framfor lyse fargar, vil appellere til vaksen ungdom ved å likestille seg med filmar retta mot eit vakse publikum. Undersøkinga gjort av Speak Up var avgrensa til 25 plakatar og må tolkast ut i frå dette. Plakatane var spreidd over fem kategoriar, basert på aldersgrenser gitt av den amerikanske organisasjonen Motion Picture Association of America. Det største skiljet i fargebruk gjekk mellom barnefilm, Rated G og Rated PG 1, og filmar for ungdom og vaksne.

Det kjem tydeleg fram at dette er ein ungdomsfilm. Då bildet består av ungdommar, er det grunn til å fastslå at det den er retta mot ungdommar, sidan det ikkje er andre element som legg føringar for retninga til plakaten. Hovudpersonen i filmen er ein gut med få trekk som gjer at han ville skilt seg ut i ei folkemengd. Ei vanleg bukse, ei T-skjorte med ein enkel logo, verken langt eller kort hår, og eit smykke rundt halsen er ting som fortel noko om guten. Logoen på T-skjorta er ei skive, ein grafisk figur som er eit mykje brukt i våpenmerke. Denne bestemte skiva har ei meining utover å tilhøyre det britiske Royal Air Force, då den kom til å bli eit ikon for mod-subkulturen og mod revival. Logoen kan bli sett på som eit symbol for ungdomskultur og ein del av mod-kulturen. Mod-kulturen omfattar alt frå bruken av symbol til bestemte Scooter-merke, klede og narkotika. Fleire ulike merke, logoar og kjende personar som er trykt på T-skjorter er slikt som ungdommar ikkje treng ha eit politisk forhold til, men kan finne på å kjøpe ut i frå trendar i samtida. Men ved eit symbol som er brukt i den grad mod-skiva er, vil det vere naivt å sjå bort frå at det blir nytta som eit bevisst verkemiddel for å stadfeste det ungdommelege. Mod-skiva stel ein del av plassen, men det er den vesle detaljen ved smykket som er eigedelen med mest personleg preg. Krossen legg seg over midtpunktet til skiva på T-skjorta og fortel oss at guten er kristen. Med tanke på at han ber ein kross for å vise det, betyr det meir for han enn det gjer for dei fleste andre unge, døypte nordmenn.

Som eg går inn på i bildeanalysen av plakaten til Hotel St. Pauli vil ein her lese av plakaten at dei to personane som står nærast Tommy spelar sentrale roller. Jenta i rosa topp til venstre for guten, spelar nok ei rolle som kjærleiksinteresse. Og guten i jakke med tigermerke kan enten vere ein god venn eller ein sentral fiende. I lesinga av ein plakat vil folk tenkje ut i frå roller dei er kjente med frå andre filmar, og forvente liknande roller her.

Tagline i det øvre, venstre hjørnet av plakaten kjem med påstanden kjærlighet er et helvete. Inferno er eit ord som tyder fleire ting, mellom anna flammehav og helvete. Det kjem fram av plakaten at filmen portretterer kjærleiken som noko problematisk, og at dette har med religion å gjere. Djevelen som eit hjarte framhevar sambandet mellom kjærleik og helvete.

Den store variasjonen av klesstilar og hudfargar mellom ungdommane, gir oss inntrykk av at filmen vil ta for seg problemet til Tommy frå fleire hald. Kulturelle og individuelle skilnader i forhold til synet på kjærleik og sex kjem fram gjennom små detaljar. Sidan dette er ein ungdomsfilm om kjærleik, er det grunn til å tru at det òg handlar om utforsking av seksualitet. Jenta ytst til venstre har ein kjærleik på pinne i munnen, ein mykje brukt metafor innanfor populærkultur. Den amerikanske rapartisten Lil Wayne, er ein av fleire som rappar i retninga So I let her lick the rapper / Shawty said l-l-lick like a lollipop / She said l-l-lick like a lollipop. Ei ikonisk framstilling av jente med kjærleik på pinne, innanfor plakatkulturen, er Lolita frå 1962, regissert av Stanley Kubrick.

Poenget her er at detaljar som kjærleik på pinne og bruk av ein topp som framhevar bar hud, kan vise til ulike syn i forhold til sex, samanlikna med det tildekte ved jenta i hijab. Ein kan gå ut i frå at motsetningane mellom den toppen med nedskjering eit stykkje ned på brystet og krossen rundt halsen til Tommy, vil kunne føre til ei spenning mellom han og jenta.

I ein kulturell kontekst

Filmtittelen Tommys inferno sender tankane mot Dantes inferno. Inferno er ein del av Den guddommelege komedien, skrive av Dante Alighieri og fullført like før han døydde i 1321. Komedien skildrar ei reise gjennom helvete, der Dante blir leia av vegvisaren, den romerske diktaren Vergil. Dante blir leia gjennom dei ni sirklane som helvete består av, kvar av desse sirklane er befolka av folk som har synda verre enn dei i den førre. I den første sirkelen kan ein finne heidningane, dei som er der utelatande fordi dei ikkje er kristne, medan i niande finn ein dei verste, som ope har synda. Dante og Vergil kjem seg til slutt unna helvete og fer vidare til skjærselden ved å klatre nedover Lucifer, gjennom ein tunnel som går gjennom jorda og ut igjen på andre sida. Purgatorio og Paradiso er dei to andre delane av Den guddommelege komedien som følgjer etter Inferno.

Den raude fargen, teksten kjærlighet er et helvete, hjartet med djevelhorn og ein O med flammar, går i lag med filmtittelen gjennom referansen til Dantes inferno. I tråd med tradisjonell forteljarmåte, forventar ein at Tommy, som Dante, blir sendt på ei reise der han vil møte hinder på vegen.

I 1949 kom den amerikanske forfattaren og forelesaren Joseph Campbell med boka The Hero with a Thousand Faces. Campbell utforska dei tradisjonelle mytane, og kom fram til ein struktur som gjekk igjen. Strukturen kalla han for monomyte og kan summerast i form av eit sitat frå boka hans:

A hero ventures forth from the world of common day into a region of supernatural wonder: fabulous forces are there encountered and decisive victory is won: the hero comes back from this mysterious adventure with the power to bestow boons on his fellow man.

Både dei med kjennskap til Campbell og dei utan, som likevel har kjennskap til tradisjonell forteljarmåte, vil forvente at Tommy møter utfordringar undervegs. Utfordringane vil forme han som person, opplyse han, og førebu han på eit nytt møte med eit problem han blei introdusert for i byrjinga. Plakaten til Tommys inferno legg ikkje denne tolkinga djupt, men vel å trekkje fram fleire av rollefigurane Tommy møter undervegs. Av skodespelarar som ikkje er vist på bildet, men har namna sine på plakaten er Linn Skåber og Atle Antonsen, to vaksne og norske skodespelarar. Årsaka til at desse ikkje er teke med kan vere at desse spelar mindre viktige roller. Eller at Tommy som ungdom til slutt er den som må ta eit val på eiga hand, utan hjelp frå nokon vaksne.

Tommys inferno tyr til ein mykje brukt måte å forme plakatar på, med skodespelarane plassert i V-formasjon. V-formasjonen finst i mange ulike variantar. Frå å gjere som i Tommys inferno ved plassere protagonisten fremst i spissen og ha ein einsfarga bakgrunn. Til å bruke ein omvendt V med opninga mot oss, og med rikare omgivnader. V-formasjonen er ein enkel måte å vise til hierarkiet i filmen, og ein måte som gjer at publikum veit kva dei kan forvente av dei ulike personane, innan dei ser filmen. Døme på bruk kan ein finne på plakatane til Fritt vilt og Harry Potter and the Goblet of Fire. Ut frå ein plakat som er lettfatteleg i plasseringa av karakterane, enten det er i V-formasjon eller andre positurar, vil ein ofte forvente at filmen er lettfatteleg i forhold til handlingsforløp. Det treng ikkje alltid vere slik, men i tilfella der filmen ikkje innfrir forventingane plakaten gir, kan publikum bli skuffa. Ein kan rekne med at produsentane ikkje ynskjer dette.

Som eg var inne på i innleiinga, slo Tommys inferno meg som ei motsetning til mange plakatar innanfor komediesjangeren. I staden for å ha ein raud logo og kvit bakgrunn, har Tommys inferno ein kvit logo og raud bakgrunn. Etter å ha gått gjennom fleire norske og internasjonale komedieplakatar, har eg sett at raud logo på kvit bakgrunn går igjen. Spesielt i enkle komediar, som eg er inne på i min bildeanalyse av kinoplakaten til Drømmeslottet når eg viser til The Proposal. Norske filmar som Lange flate ballær og Lange flate ballær II er òg komediar som nyttar eit slikt grep i plakatutforminga. Men ei meir omfattande forsking på internasjonale plakatar må til for å finne ut om grepet er brukt i så mange filmar som eg sit med inntrykket av. Variasjonen innanfor komediar kan vere like stort som blant andre sjangrar.

Tommys Inferno 2005 plakat - Filmdagbok