Tomorrow Never Dies

Inga overrasking, dette var heller ikkje den beste James Bond-filmen. Viss du vil ha middels spenningsfilm, tallause eksplosjonar og ein reklamefilm, så er dette filmen. Mangelen på stil trekk ned, humoren er heilt grei, men kunne ha vore betre med tanke på alle vitseforfattarane som finst.

Produksjonen må det også trekkast ned på, mange feil, som blant anna tydelege spor av at eksplosjonar kjem ut frå objektet det blir krasja i. For eksempel eksploderte ein steinvegg før bilen krasja i han.

Kjedeleg, men akseptabel underhaldning, Pierce Brosnan reddar nok litt av filmen, men eg saknar likevel gode dialogar til å underbygge handlinga her. Når til og med eg kan hugse det meste som blir sagt, så er det eit dårleg teikn.

Tomorrow Never Dies 1997 plakat - Filmdagbok