Tomorrow, When the War Began

Film · 2010 · · 25. september 2013
3/5

Tomorrow, When the War Began er ein australsk ungdoms- og krigsfilm, basert på ein bokserie på sju av John Marsden.

Åtte ungdommar kjem heim til eit invadert Australia etter nokon dagar ute i det fri. Dei må finne ut kva som har skjedd, unngå å bli fanga. Og dei må kjempe tilbake.

Tomorrow, When the War Began er så mangt. Han er tøff, ser stort sett bra og realistisk ut. Men så trakkar han skeivt eit par gonger. Unødvendig idioti styrer retninga til filmen. Alvoret som burde prege han forsvinn noko.

Eg taklar ikkje idioti på film, men resten er bra nok.

Dette skulle vere starten på ein filmserien, men oppfølgjaren blei avlyst.

Tomorrow, When the War Began 2010 plakat - Filmdagbok