Tomorrowland

Film · 2015 · · 13. november 2015
3/5

Filmar frå Brad Bird har gjerne noko for seg, iallfall om han også har bidratt til manus ved sidan av regisseringa. Det handlar ofte om individ som viser moglegheitene dei kan ha, om dei ikkje blir tvinga til å vere middelmåtige av fleirtalet.

Tomorrowland er som ein Disney-variant av Atlas Shrugged. Om ein stad der dei dyktige kan bidra til velstand og utvikling. Våre viktigaste karakterar er to personar som er smarte og ekstraordinære. Men ei fri verd er aldri trygg om nokon vil herske, gjerne ved å bruke frykt, og det finst ein sånn person i Tomorrowland.

Filmen har mykje spennande for seg, mange gode idear gir oss eit rikt univers. Heltar som me kan beundre for deira dygder. Dette og meir gjer filmen verdt å sjå.

For meg er det to ting som trekk ned, den eine var at bildeformatet verka snodig og samanpressa, som gav filmen eit billeg preg på toppen av svak animasjon etter forventa standard i dag. Det kan vere eg var uheldig der eg leigde filmen. Det andre er at all fantasi til side, så er strukturen sopass føreseieleg, og slutten sopass typisk, at den siste delen av filmen blir kjedeleg i mangel på nye inntrykk.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Tomorrowland 2015 plakat - Filmdagbok

Skodespel

George ClooneyHugh LaurieBritt RobertsonVis alle