Top Gun

Film · 1986 · · 28. januar 2006
3/5

Når eg leita rundt på Filmdagbok i dag etter innlegg eg kunne lenke saman, fann eg ut at eg hadde gløymt å skrive om Top Gun tidlegare. Eit bevis på at glippar kan skje.

Det eg hugsar frå filmen av tyding er som følgande: Dette er ikkje favorittsjangeren min. Musikken, miljøet, rollefigurane, alt er ti hakk for mykje full av amerikansk fedrelandskjærleik. Det er lov å vere glad i landet sitt, men ver så snill. Og ikkje legg skulda på meg for at eg har sett filmen. Eg kunne ikkje vite at det var så gale før eg hadde sett han.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Top Gun 1986 plakat - Filmdagbok