Top Secret!

Film · 1984 · · 16. august 2015
3/5

Top Secret! er ein av desse satiriske, parodiske komediane som kom på starten av 1980-talet etter Airplane!. Filmen er laga av dei same folka som stod bak Airplane!, noko som fort blir merka i den komiske linja som blir køyrt, sjølv om det er ein annan sjanger.

Val Kilmer har hovudrolla i det som er filmdebuten hans. Som ein Elvis Presley-liknande type ved namn Nick Rivers. Handlinga går føre seg i Aust-Tyskland etter andre verdskrig, der han blir innblanda i eit større militært komplott og motstandsrørsla.

Det er komedien som er det viktigaste her, sjølv om det er ein god ting at historia også heng på greip. Det vil sei, historia er dryg, og det er humoren i ho også. Det mest utprega komiske er derimot det som dukkar opp overalt. I form av bokstaveleg tolkingar av ord og uttrykk, manifestert i visuelle innslag. Klisjear som er utnytta til det ytste for humoristisk effekt. Tullete namn, snodige karakterar. I grunn er det meste som kan blir snudd om på for å få litt latter ut av det gjort.

Humoren er altså det eg set størst pris på med Top Secret!. Men helst i mindre doser enn her, og trass i den korte speletida så blir det for langt for min del. For å kunne glede meg over komedien tok eg difor ein pause midt i. Ettersom dei artige innslaga stort sett gjentar seg sjølv på ein eller annan måte, så er det lite nytt etter ei stund.

Top Secret! 1984 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Val KilmerLucy GutteridgePeter CushingVis alle

Sjangrar