Torchwood

Serie / 2006–2011
4/5

Torchwood er ein avspinnar av den nyare versjonen av britiske Doctor Who. Snu på bokstavane i Torchwood og du får Doctor Who. Serien handlar om ein hemmeleg organisasjon som skal verna jorda mot romvesen, overnaturlege vesen og fenomen.

Torchwood-gruppa me blir kjent med i serien held til i Cardiff, som ligg i midtpunktet for ei rift i tid og rom. Noko som fører til at det skjer ekstra mykje rart i Cardiff.

Dei to første sesongane har stort sett avsluttande episodar. Ein trussel eller eit fenomen er då midpunktet for handlinga, mens episodane går nærare innpå det personlege hjå ein eller fleire av karakterane. I dei to første sesongane er det fem stykker, der den udødelege Captain Jack Harkness (John Barrowman) og eks-politidama Gwen Cooper (Eve Myles) er dei mest framståande.

Formatet og persongalleriet endrar seg dramatisk når serien når sin tredje sesong. Han er under halvparten så lang, og er bygd opp som ein miniserie. Children of Earth som han heiter, er hylla som noko av det beste av seriar dei siste åra i enkelte krinsar. I staden for avsluttande episodar går historia om ein større utanomjordisk trussel på tvers av fem episodar. Eg lét meg både imponere av idé og gjennomføring, korleis sesongen byggjer seg opp og korleis han avsluttar.

Eg likte serien allereie godt frå dei to første sesongane. Men det Torchwood gjorde med tredje sesong var rett og slett tøft.

Fjerde og avsluttande sesong gjorde ein liknande vri. Miracle Day som han heter, har også miniserieformatet, men går over ti episodar. Det blir dermed plass til meir historie, enkelte ting drar litt meir ut, men det er framleis bra. Enkelt forklart så er den fjerde sesongen meir amerikansk i formatet. Ettersom han ikkje lenger blei laga av BBC Wales, men av BBC Worldwide og Starz, så er dette opplagt.

Den totale lengda på heile serien er på knappe 41 episodar. Ei overkommeleg mengde å sette i gang med synest eg. At serien utviklar seg, endrar format og byter ut karakterar undervegs gjer det heile meir fornøyeleg. Samtidig klarar serien å dosere ut forklaringar over lenger tid, så eventuell mystikk blir bevart.

Om serien høyres nær perfekt ut, så er det fordi eg har halde meg til skrytet. Ikkje alt er like bra. I dei to første sesongane av serien er ikkje alle episodane like spennande. Sjølv om serien held seg i taumane på bruken av spesialeffektar, så er det ein og annan laber datagenerert sak som set demparar undervegs. Eg lar ikkje dette vege inn på totalvurderinga.

Torchwood 2006-2011 plakat - Filmdagbok

Publisert

25. september 2014 av

Merkelapp

BBC

Skapar

Russell T. Davies

Skodespelarar

John Barrowman, Eve Myles, Kai Owen, Gareth David-Lloyd, Burn Gorman, Naoko Mori, Tom Price, Paul Kasey, Mekhi Phifer, Alexa HavinsVis alle 455 skodespelarar

Sjangrar

Action, Drama, Fantasi, Grøssar, Mysterium, Science fiction, Thriller

Land

Storbritannia, Canada

IMDb

IMDb-side om Torchwood