Total Recall

Basert på ei novelle av Philip K. Dick, som mange andre science fiction-filmar inkludert Minority Report og Paycheck.

Med Arnold Schwarzenegger, og eit hav av morosame kommentarar. Tanken om at det er ein god forfattar som står for inspirasjonskjelda var nok det som fekk meg til å sjå filmen i første omgang.

Det er ein underhaldande film, og i staden for at alt er i dataanimert, som i den dårlege filmen The Island, får me ein større porsjon ekte kulisser og køyretøy. Eg påstår ikkje at kvaliteten her er topp når det gjeld alt det der, men det gir i det minste ei særeiga stemning.

Så vurdert i underhaldningsverdi, spenning og på engelsk tale med austerisk aksent, så er eg rimeleg fornøgd.

Total Recall 1990 plakat - Filmdagbok