Toy Story 2

Dette var andre saker enn Toy Story. Med ei historie som er langt større til samanlikning og betre passande for den eldre generasjonen med referansane sine til Star Wars og Goldfinger, blant anna.

Filmen har ei god djupne og tar opp og kritiserer dei slemme samlarane, utan å ville få folk på nakken så må eg sei at ein modellfigur eller leike gjer seg betre pakka ut enn i boksen.

Pixar har dessutan lagt meir detaljar inn i bilde, utan å misse den fine stilen frå den første filmen. Men alt kjem til sist an på historia, som denne gongen faktisk er spennande. Og sjølv om eg kan klage på anstrengde forhold til Tom Hanks og Shawn Wallace, så forsvinn dette problemet bak alt det andre.

Toy Story 2 1999 plakat - Filmdagbok