Toy Story 3

Film · 2010 · · 14. desember 2010
3/5

Elleve år etter forgjengaren Toy Story 2 er den animerte leiketøysgjengen tilbake. Frå 1999 til 2010 har det skjedd gigantiske betringar innanfor animasjonsfilm. Toy Story 3 har både gjort seg nytte av dette, samtidig som det ser mykje likt ut som før. Djevelen er i detaljane.

Også i tidslinja til det oppdikta universet har det gått mange år. Guten som eigde lekene er klar for college. Leikene skal bli sett på loftet, men blir ved ei feiltaking sendt til ein barnehage. Den strabasiøse ferda med å komme seg heim, og samtidig behalda trua på at dei ikkje blei forlatne med vilje, blir den sentrale utfordringa i filmen.

Eg er ingen stor fan av Toy Story-filmane, men lar meg underhalde nok. Denne tredje filmen er kanskje favoritten min hittil, sjølv om det ikkje har gitt utslag i rangeringa som er 3/5 på alle tre filmane. Hovudårsaka er nettopp den ekstra dimensjonen, som går på tid eller alder og relevans. Det kan godt vere fordi eg er noko nostalgisk, men også interessert i moglegheitene for å komme tilbake til oppdikta univers etter mange år, kor dei på ein måte har hatt ei tidslinje lik vår faktiske.

Toy Story 3 er altså ein kurant animasjonsfilm, med sine små ekstra pluss som gjer han meir emn berre eit enkelt avbrekk. Det er ikkje nær den beste filmen til Pixar, men så er jo konkurransen der hard.

Toy Story 3 2010 plakat - Filmdagbok

Sjangrar

Land