Toy Story

Film · 1995 · · 4. august 2006
3/5

Den første store hiten til Pixar er ein film som ligg godt i minne hjå meg. Ikkje fordi eg har sett han, men fordi eg ikkje har sett han. Heilt sidan 1995 har eg gått å tenkt på å få sett den filmen med jamne mellomrom. Eg hugsa blant anna Toy Story-effektane i leiketøysbutikken og ekstrabladet med ein Toy Story-teikneserie som følgde med Donald Duck & Co.

Så då var tida inne for å sette seg ned og sjå han. Og det må eg sei, Toy Story er ein fin barnefilm, med fart og spenning og mange rare, men sjarmerande leiketøy. Så altfor dramatisk er han ikkje, ettersom han ikkje er retta mot aldersgruppa mi akkurat, men det hadde eg heller ikkje venta meg, så det gjorde ingen ting.

Alt i alt hadde eg fine 80 minuttar, men Toy Story seglar ikkje opp som min favoritt Pixar-film.

Og det faktum at det var ein barnefilm, men likevel god, gjorde at eg eigentleg ikkje var underhalde meir enn gjennomsnittleg.

IMDb-logo
Filmfront-logo
Toy Story 1995 plakat - Filmdagbok