Trainwreck

Film / 2015
3/5

Amy Schumer spelar ei kvinne som ikkje har tenkt å slå seg ned med ein fyr og satse på greier relatert til forhold. Ho har blitt prega av ein far som har preika om dei negative sidene ved monogami.

Filmen viser til karrieren og det rike kjærleikslivet hennar, og historia byggjer seg etter kvart ut frå desse. Det eine utelukkar ikkje det andre, men dei vil etter kvart ha ei tyding i lag for kor karrieren og kjærleikslivet til karakteren Amy går.

Ikkje overraskande vil synet hennar bli utfordra, men vegen er lang og humpete og full av dei frekkaste vitsane og poenga.

Trainwreck er artig til tider, men eg har nok etter kvart gått lei av den rølpete humoren som Judd Apatow har adoptert i mange av sine seinare filmar. Amy Schumer står for manuset, og har ein humor som går i same retning, og sånn sett passar dei godt i lag. Så mi vurdering til midt på treet går på forma for humor denne gongen.

Trainwreck 2015 plakat - Filmdagbok

Publisert

29. november 2015 av

Regi

Judd Apatow

Manus

Amy Schumer

Skodespelarar

Colin Quinn, Devin Fabry, Carla Oudin, Amy Schumer, Josh Segarra, Ryan Farrell, Robert E. Torres, Jim Florentine, Robert Kelly, Dan SoderVis alle 91 skodespelarar

Sjangrar

Komedie, Drama, Romantikk

Land

USA, Japan

IMDb

IMDb-side om Trainwreck