Transparent (2014–2017)

Serie / 2. november 2017
3/5

I Amazons serie Transparent følger me ein familie som held til i Los Angeles. Tre vaksne barn og to foreldre, som alle er sentrale karakterar. I det faren avslører at han likar å kle seg ut som kvinne, trenger alle dei andre i familien sine personlege problem til overflata.

Tittelen Transparent er et enkelt ordspel på rolla faren har. Og legg også lista for dette som ein serie som tar for seg seksualitet og en ærleg og gjennomsiktig formidling av karakterane.

Det er en artig serie ei stund, som eg i første omgang så på grunn av Jay Duplass involvering som skodespelar. Som lenge fan av hans og Mark Duplass produksjonar har eg ei aning om kva det dei er med i er.

Med tanke på stemning og på type humor, så gjeld det også for Transparent. Som har en lun, men også absurd humor. Karakterar som oppfører seg som barn, men også kjærleik som balanserer det heile, og dramatiske poeng som gir djupne. Sistnemnde er nok det som fenget mange kritikarar.

Etter kvar mister eg derimot noko av interessa. Djupna blir påtatt og serien framstår meir og meir som det den eigentleg er, et portrett av sjølvmotseiing. Karakterar som kjemper mot seg sjølv, fordi dei trur dei må vere altruistiske, og dermed øydelegg for seg sjølv.

Femte sesong i 2019 blir seriens siste. Innlegget vil bli oppdatert etter at sesongen er sendt.

Transparent 2014-2017 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Amazon

Skapar

Jill Soloway

Skodespelarar

Gaby Hoffmann, Amy Landecker, Jay Duplass, Jeffrey Tambor, Judith Light, Rob Huebel, Kathryn Hahn, Alexandra Billings, Zackary Arthur, Melora Hardin

Sjangrar

Kort, Komedie, Drama

Land

USA

IMDb

IMDb-side om Transparent

Forfattar