Transport Tycoon

Spel · 1994 · · 14. juni 2007
4/5

Ein gammal favoritt hjå meg er Transport Tycoon, og Transport Tycoon Deluxe som eg også har spelt ein del.

Dette er eit byggespel kor du skal skape ditt eige transportselskap. Du kan bygge tog, bussar, lastebilar, båtar og fly. Målet er å få omsetning og tene nok til å bygge meir.

Etter kvart som eg spelte dette enda eg ofte opp med å bli styrtrik nok til å la tida gå med til å bruke vanvittige pengesummar på å omforme landskapet eller bygge lange tunnelar.

Det har gått nokon timer med på dette, og i åra etter eg spelte som mest har eg ofte tatt fram igjen spelet i form av Transport Tycoon Deluxe og spelt nokon rundar.

IMDb-logo
Transport Tycoon 1994 plakat - Filmdagbok