Transporter 2 (2005)

Film / 16. desember 2005
2/5

Herregud! Eg håpar seriøst dette er meint å vere ein spøk frå produsent Luc Besson si side for å vise kor langt du kan kome med eit etablert namn, eller noko i den retninga.

Å gå frå Fifth Element og Léon til dette? Det skal ikkje gå an. Stunta her er så overdrivne at det kan få ein mann til å grine. Og nokon av effektane her er så dårlege, at ein venn av meg sa at han kunne ha laga det betre i badekaret.

Men i det minste så kjeda eg meg ikkje i hel, dårlege filmar kan i blant nytast som komedie, og eg hadde nokre latterbomber innimellom her.

Transporter 2 2005 plakat - Filmdagbok

Merkelapp

Transporter

Regi

Louis Leterrier

Manus

Luc Besson, Robert Mark Kamen

Skodespelarar

Jason Statham, Alessandro Gassman, Amber Valletta, Kate Nauta, Matthew Modine, Jason Flemyng, Keith David, Hunter Clary, Shannon Briggs, François Berléand

Sjangrar

Action, Krim, Thriller

Land

Frankrike, USA

IMDb

IMDb-side om Transporter 2

Forfattar