Trees Lounge

Film · 1996 · · 16. august 2006
4/5

Trees Lounge er namnet på ein liten brun pub i ein ukjent amerikansk by. Steve Buscemi, som står bak regien og manuset til filmen, spelar Tommy – ein av fleire alkoholiserte stamgjester på puben. Filmen markerte debuten til Steve Buscemi i regissørstolen, som seinare har stått bak Lonesome Jim, og fleire gode episodar av The Sopranos, blant anna ein av mine favorittar som er Pine Barrens.

Tommy har tydelegvis vore alkoholikar i fleire år, og i løpet av den siste tida har han mista både jobben og dama. Mens han prøver å finne seg ein ny jobb, heng han ein del på Trees Lounge. Der går det stort sett i øl og sprit, og Tommy kjem seg ikkje så langt. Så dør Uncle Al, isbilmannen, og Tommy tar over jobben i isbilen.

Hadde det ikkje vore for at filmen omhandlar alkoholisme, så hadde det vore ein av filmane som gir god kjensle, men drikkinga her blir framstilt som eit samfunnsproblem. Ein del av dei sentrale problema rundt alkoholikarar kjem fram, men det er ingen fare for at denne filmen går over til å tale ei kristen sak heller, langt i frå.

Stemninga utover i filmen er roleg og innimellom triveleg. Kjente ansikt som Michael Imperioli, Samuel L. Jackson og John Ventimiglia dukkar opp i mindre roller som er med på å skape eit gjenkjenneleg miljø.

IMDb-logo
Trees Lounge 1996 plakat - Filmdagbok