Treevenge

Film · 2008 · · 2. desember 2013
3/5

Tittelen Treevenge seier alt, det er tre som tar hemn. For i Treevenge har grantrea fått nok av den brutale behandlinga: Nedsaging, hogging, brenning, kasting, pynting og så vidare.

Denne kortfilmen på 16 minuttar er ein parodi på billeg og blodig grøssar- og slaktefilm frå både 1970- og 1980-talet. Men så fungerer også filmen vel så bra som blant dei betre filmane innan sjangeren.

Kort, artig og overraskande brutal oppsummerer filmen. Eg kom aldri i julestemning, og det vil nok heller ikkje du gjere. Men filmen får poeng for perfekt lengde, artig konsept og god gjennomføring.

IMDb-logo
Treevenge 2008 plakat - Filmdagbok