Tremors

Der 20 Million Miles to Earth strir med utanomjordiske monster på nasjonal skala har lokalbefolkninga i Perfection problem med underjordiske monster i Tremors.

Kevin Bacon og Fred Ward spelar kameratparet som er ein dag for seint ute med endeleg å forlate ørkenbygda, dei kjem ikkje langt. Brått dukkar det opp ein bråte med mystiske vibrasjonar og etter kvart, som plakaten viser, noko meir.

Tremors spelar lenge på det ukjente og blir såleis meir spennande enn om det gjennom 90 minuttar skulle ha vore monsterblotting og gørr. Med mykje enkel humor, eksplosjonar og skyting, og ikkje minst litt overdriven stemningsfyllande filmmusikk er det ingen tvil om at dette er ein kommersielt retta film. Nokon har tydeleg sett vinsten i å fortsette og det har sidan komme tre nye filmar på video og ein serie basert på Tremors.

Eg gir meg etter denne, og synst ikkje det var det heilt store og kan umogleg sjå for meg at ein oppfølgjar utan Kevin Bacon. Likevel går det i hamn med nokon av ideane, kombinasjonen Kevin Bacon og Fred Ward er passe morosam.

Tremors 1990 plakat - Filmdagbok