Tri orísky pro Popelku

Film · 1973 · · 24. desember 2020
3/5

Tri orísky pro Popelku er ein tsjekkisk film som går på NRK kvart år på julaftan. Det var ikkje før i 2018 at eg fekk sett filmen i heilskap for første gong. Knut Risan har alle stemmene i den dubba versjonen som går på NRK, og det var denne eg såg. Det er tradisjon for mange å sjå filmen.

Filmen er ei klassisk filmatisering av historia om Askepott. Ei ung kvinne som eigentleg er arving av rikdomane til faren sin, men som har ei stemor og ei stesøster eller to som herskar over ho. Namnet Askepott kjem av at ho må feie sot og aske ut or omnen, og gjere andre skitne oppgåver som tenestepike. Så ein dag får ho tre neter som kvar gir ho eit ønske. Desse brukar ho for å få innpass hjå ein prins.

Eg skulle gjerne ha sett denne filmen med opprinneleg lydspor. Det er slik eg føretrekk å sjå filmar. Men sidan det er denne versjonen som har gått på NRK i alle år, og eg har sett utdrag frå han før, så har eg ikkje store problemer med å sjå han slik heller.

Det er ein restaurert versjon som har blitt sendt sidan 2015, og han ser verkeleg bra ut. Lyden er vanskeleg å dømme, bortsett frå i musikken når dubbinga er fråverande, men han verkar bra. Historia er god, og filmen er ikkje så altfor lang. Det er humor. Og det er det gode mot det vonde. Eller det rettferdige mot det urettferdige.

Eg kan anbefale å sjå filmen ein gong i det minste, frå start til slutt.

Tri orísky pro Popelku 1973 plakat - Filmdagbok