Triple Dog

Film · 2010 · · 4. november 2015
2/5

I Triple Dog leikar ei gruppe tenåringsjenter ein dryg variant av nøtt eller sanning, utan sanningsdelen. I fronten er Britt Robertson som den rebelske og grensebrytande jenta som eskalerer leiken forbi leik.

Triple Dog prøver å vere ungdommeleg, og han prøver hardt. Dette fører til at dei første minuttane fort gjekk frå undrande til komisk. Desse jentene lirer av seg dei mest påtatte kule frasene og orda. Det er som å sjå den stereotypiske, flaue faren som prøver å vere kul. Eg lurte ei stund på om dette var seriøst, og når det gjekk lenge nok skjønte eg at det måtte vere det, og då blei det humor av det.

Dette sette litt tonen for resten av filmen også. Som prøver å vere seriøs, men blir tåpeleg i sitt forsøk. Forferdeleg er det ikkje, filmen har eit par småting gåande for seg, men ikkje nok til å redde heilskapsinntrykket.

IMDb-logo
Triple Dog 2010 plakat - Filmdagbok