Triumph des Willens

Film · 1935 · · 2. januar 2013
2/5

I 1934 hadde nazistpartiet i Tyskland ei samling i Nuremberg. Leni Riefenstahl dokumenterte folkemengdene, marsjeringane og talane. Resultatet er den i underkant av to timar lange propagandafilmen Triumph des Willens.

Forutan å vere pent filma og å vere ei skremmande oppleving er Triumph des Willens lang og kjedeleg. Det er både imponerande og fælt å følge tusenvis av soldatar og folk så synkronisert som her. Men det er monotont og slitsamt i lengda, og filmen blir fort gammal.

Trass i dette er det greitt å ha sett filmen. Han er lærerik i si sentrale rolle i film- og verdshistoria. Det gjer han verdt å ha sett, sjølv om eg kunne klart meg med halve lengda.

Triumph des Willens 1935 plakat - Filmdagbok