True Blood

Serie
2008–2014
3/5

I sju år har True Blood bidratt til at vampyrar og overnaturlege vesen har pryda tv-skjermen. Serien har vore eit av flaggskipa til HBO i ettertid av The Sopranos avslutting.

I ein liten by i sørstaten Louisana held Sookie Stackhouse (Anna Paquin) til. Ho er telepatisk. Bill Compton (Stephen Moyer) bur der også. Han er vampyr. Vampyrar har nyleg avslørt at dei finst, dei har blitt hovudstraum. Når Sookie blir kjent med Bill opnar det seg ei ny verd med overnaturlege fenomen, vesen og situasjonar for ho.

True Blood brukar tida på å servere dei sjukaste historiene knytt til dette universet. Dei viktigaste ingrediensane her er kjærleiksdrama, sex og vald. På mange vis har True Blood gått hardt inn for å flytte grensene på dei to siste punkta. Noko som har resultert i at serien i lengda er trøyttande. Merksemda som er gitt til stadige nye og sprø vesen og samanhengar har gått utover opplevinga av kjernekarakterane.

Relativt tidleg, i løpet av den andre sesongen, byrjar eg å merke at interessa til forholdet mellom karakterane dabba av. Og serien tok seg aldri opp igjen på dette område. Det personlege dramaet har dermed stått i bakre rekke, mens blant anna det rå grafiske uttrykket har toga fram.

Sånn sett har eg til tider utsett å følge med vidare, men likevel enda opp med å sjå meg opp på serien. Med binge watching har det fungert, og nokre sesongar har hatt meir interessante raude trådar enn andre, nok til å drive det vidare. Siste sesong er blant dei svakaste når det gjeld ein raud tråd, men har det at serien nærmar seg slutten å spele på.

Det minst kritiske eg kan sei om True Blood er at serien burde gitt seg etter fire sesongar. Likevel vil eg verken anbefale nokon å sjå enten den første eller fleire.

True Blood 2008-2014 plakat - Filmdagbok

Publisert

12. september 2014 av

Merkelapp

HBO

Skapar

Alan Ball (I)

Skodespelarar

Anna Paquin, Stephen Moyer, Sam Trammell, Ryan Kwanten, Chris Bauer (I), Nelsan Ellis, Carrie Preston (I), Rutina Wesley, Alexander Skarsgård, Deborah Ann WollVis alle 831 skodespelarar

Sjangrar

Drama, Fantasi, Mysterium, Romantikk, Thriller

Land

USA

IMDb

IMDb-side om True Blood

TV Time

TV Time-side om True Blood