True Grit

Det har gått mange år sidan eg såg True Grit av Ethan Coen og Joel Cohen frå 2010. Så lenge at mesteparten var gått i gløymeboka, og eg kunne sjå True Grit frå 1969 med friske augo. Og eg likte det eg såg.

True Grit er ein litt over to timar lang western med John Wayne, Glen Campbell og Kim Darby. Kim Darby spelar ei ung kvinne som mistar faren sin, og som vil leige inn ein marshall til å fange drapsmannen. John Wayne er ein eldre og alkoholiserte mann som valet hennar fell på. Glen Campbell dukkar opp som ein mann som allereie jaktar på drapsmannen av andre årsaker, og han blir med dei i jakta.

I lag drar dei ut i indiantarterritoriet på jakt etter den feige Tom Chaney. Filmen handlar mykje om å få i gong reisa, og sjølve reisa undervegs. Den unge kvinna er opptatt av rettferd, men møter mange folk og situasjonar som forsøker å ta snarvegar eller gjere ting på ulovleg vis. Marshallen er litt rask i avtrekkaren, og dei blir interessante motspelarar av den grunn.

I tillegg får me flott natur, ein film av god teknisk kvalitet, gode skodespelarar, fin action og mykje spenning. Det er ein western som er midt i blinken for meg, med klassiske westerngrep og godt drama. Etter karakteren eg gir filmen å dømme, så likar eg han også ein del meir enn True Grit frå 2010.

True Grit 1969 plakat - Filmdagbok