True Grit

Film · 2010 · · 26. februar 2011
3/5

Eg har ikkje sett den originale True Grit. Men eg veit at det er ein western med John Wayne. Denne filmen av Ethan Coen og Joel Coen verkar å vere ein parodi på den filmen. Iallfall etter språket til karakterane å dømme.

Det er klart at folk som lev i den ville vesten, utan tilgong til bøker, ikkje snakkar som om dei har studert. Så eg kan gjette meg fram til at dette ikkje er meint å vere ei nyinnspeling, men ein parodi. Og at Coen-brørne nok ein gong skal lure publikummet sitt.

Det er ikkje ein opplagt spøk for alle. Nokre kritikarar har kalla filmen ei nyinnspeling, og hyllar han for å vere betre enn originalen.

IMDb-logo
Filmfront-logo
True Grit 2010 plakat - Filmdagbok