Tsotsi

Tsotsi er historia om gjengleiaren Tsotsi, som ved eit impulsivt biltjuveri ein kveld får livet snudd opp ned. For i bilen ligg det og ein liten baby. Denne babyen utløyser ein straum med barndomsminner som Tsotsi sikkert har halde tilbake over lengre tid. Gan prøver febrilsk å gi babyen den pleia han trenger, som Tsotsi ikkje fekk når han var yngre. For ordens skyld er det snakk om barndommen til Tsotsi som, det ser iallfall ut som, sjuåring. Problemet er at Tsotsi har null peiling på babyar, sidan han har vakse opp i valdelege omkrinsar, og er van med at alt kan bli løyst med vald. Litt etter litt går ting opp for Tsotsi.

Eg vart rett og slett veldig imponert over filmen. Presley Chweneyagae, som spelar Tsotsi, som på norsk igjen betyr noko sånt som røvar, mordar, kjeltring eller råtass, gjer ei god rolletolking. Eg kunne ikkje unngå å smile når Tsotsi roa seg ned under amminga til den vesle babyen. Eg kunne heller ikkje unngå medkjensle med han i enkelte situasjonar, likevel om det han gjorde ikkje var rett. Eit eller anna i ansiktsuttrykket til Tsotsi viste at det låg meir bak handlingane enn å skaffe materielle godar. Eg klarar berre ikkje putte fingeren på kva.

På tampen vil eg stille eit spørsmål. Er det mitt gode humør, eller kanskje det faktum at eg så ein veldig god film før i dag og var på gli, som får meg til å sette pris på denne filmen? Vel, det siste avsnittet her var mest til min eigen ettertanke, for å vurdere kva meining eg eigentleg gjer meg til filmen.

Tsotsi 2005 plakat - Filmdagbok