Tunna blå linjen

Serie · 2021 · · 4. april 2021
4/5

I Tunna blå linjen følgjer med ei lita gruppe med politi i Malmö. Me blir kjent med dei gjennom jobben og i det private. Episodiske handlingar og nokre få raude trådar på tvers er den generelle strukturen. Og episodane landar på ei speletid på om lag ein time kvar.

I første episode blir me kjent med Sara, som er ny i politiet. Ho har mykje å lære, og møter ein politistyrke som kan verke ganske tøffe. Men etter kvart vil me forstå mykje av grunnen til dette. Utan at serien sluttar å framstille dei mange sidene ved kva politiet eller innbyggjarane til Malmö gjer og tenker.

Tunna blå linjen er ein serie som bevegar seg fint i sjangeren, med både personleg drama, yrkesrelatert innblikk, politisaker som gjer seg godt i serieform, og ein dose humor. Ikkje minst er karakterane gode, og det å følgje dei gjennom tjukt og tynt er det beste med serien.

Les fleire meldingar på filmhjerte.blogg.no og onyanserat.se.
Tunna blå linjen 2021 plakat - Filmdagbok