Turbo Kid

Då eg høyrte om Turbo Kid blei filmen skrytt opp i skyene for å vere ei herleg blanding av 1980-talsinspirasjon med ei god historie. Ikkje berre eit referansebonanza, men ein faktisk film. Og det kan godt stemme at filmen er det, men eg lét meg ikkje more så mykje som eg håpet.

Turbo Kid er laga som om filmen blei laga på 1980-talet. Her gjer filmskaparane ein god jobb. Filmen er enkel og ærleg, amatørmessig på dei rette plassane, og formulert som om det aldri var gitt referanse eller humor ein tanke.

Humor har sin plass i filmen, men på andre måtar enn ved overdriving av retro. Det er heller ved attkjenning, og godt innbakt i flyten og den visuelle stilen.

Eg har sansen for måten Turbo Kid framstår som lågbudsjettsfilm på, der store deler av handlinga går føre seg på industrielle område. Og dette er gjort på ein måte som prøver å skjule det, men samtidig vise det. Det er måten å vere hyllest til eldre filmar på, men ved også å gjere som dei gjorde og prøve å skjule knepa.

Handlinga går føre seg i eit framtidig, post-apokalyptisk 1997. Ein gut lev åleine i ei verd som manglar reint vann. Ein bande herjar, kidnappar og drep folk. Me følger guten i eit utsnitt av livet hans, då vegane hans kryssar med banden sine.

Turbo Kid kan vere brutalt valdeleg. Oppfinnsame mutilasjonar er det beste ved filmen, og eg vri meg i stolen av fryd for noko nytt og grøss for det blodige. Men utanom dette, og den morosame venninna guten i filmen får, så er ikkje dette all verda ved første sjåing. Eg gir derimot filmen skryt for å gjere så mykje anna bra, sjølv om engasjementet og den raude tråden er tynn.

Turbo Kid 2015 plakat - Filmdagbok