Twelve Monkeys

Film · 1995 · · 9. september 2007
4/5

Eg kan ikkje skjønne kvifor eg ikkje har sett denne før. Det må jo vere den beste filmen til Terry Gilliam. Akkurat nok med vendingar og stadig møtande trådar til at eg hang med heile vegen, men ikkje såg på filmen som for enkel heller. At han har eit røft image hjelper på. Eg tykkjer stadig at fleire filmar blir for sterile og perfekte. Denne er godt laga teknisk, men ser ikkje ut til å la det bli hovudsaka.

Bruce Willis går godt inn i rolla som James Cole. Måten han handterer ho på er ikkje mindre enn imponerande. Både han og den kvinnelege motspelaren, spelt av Madeleine Stowe står aldri i ro i rollene sine. Korleis det heile vekslar mellom ein psykologisk og science fiction-thriller gjer at eg ikkje kjedar meg. Eg var litt skeptisk i starten på om dette skulle bli ein meir moderne One Flew Over the Cuckoo's Nest, ein film eg ikkje treng å sjå ei etterlikning av. Men det blir heldigvis noko heilt anna.

Twelve Monkeys 1995 plakat - Filmdagbok

Skodespel

Joseph MelitoBruce Willis (I)Jon SedaVis alle

Land